HER FINN DU ANGRESKJEMA

Du har rett til å gå ifrå denne avtalen i løpet av 14 dagar utan å grunngje dette. Angrefristen går ut 14 dagar etter at du har fått varene.

For å kunna bruka angreretten må du opplysa oss på ein eintydig måte om at du vel å gå ifrå avtalen (t.d. i eit brev sendt i posten, telefaks eller e-post).

Du kan bruka angreskjemaet, men det er ikkje obligatorisk. For å overhalda angrefristen er det nok at du sender meldinga om at du vil bruka angreretten før angrefristen går ut.

Dersom du går ifrå denne avtalen, skal me betala tilbake alle betalingar me har fått frå deg, medrekna leveringskostnadane (med unntak av tilleggskostnadar som følgjer av at du har valt ein annan type levering enn den billegaste typen standardlevering me tilbyr), utan unødig opphald og i alle tilfelle seinast 14 dagar etter den dagen me fekk melding om at du ønskte å gå ifrå avtalen.

Me gjennomfører tilbakebetalinga med same betalingsmiddel som du brukte ved den opphavlege transaksjonen, med mindre du uttrykkjeleg har avtalt noko anna med oss.

I alle tilfelle vil det ikkje kome noko gebyr som følgje av tilbakebetalinga.

Me kan halda tilbake tilbakebetalinga til me har fått varene tilbake, eller til du har lagt fram dokumentasjon på at varene er sendt tilbake, eller til det tidlegaste av desse tidspunkta.

Du må returnera varene eller levera dei til oss, utan unødig opphald og i alle tilfelle seinast 14 dagar etter den dagen du sende oss melding om at du ønskte å gå ifrå avtalen. Du har overhalde fristen dersom du sender tilbake varene før fristen på 14 dagar har gått ut.